fredag 26. juni 2009

Youth With A Mission (Ungdom i Oppdrag) har ein base i Dagupan der ma fam Wabe jobbar. Tenesta er mest retta mot to slummar i Arellano og Pantal.

Kvar veka delar dei ut mat til underernærte ungar i slummen i Arellano. For å gi mat til 50-70 barn kostar det 133 NOK i veka. Me skal vera med å gi ut eit måltid med ris og kylling til folk i slummen i Pantal og Arellano. Det kostar 8 NOK for mat til ein person.

YWAM Dagupan støttar ungar frå slummen med skulegang. For tida er det 22 ungar som ikkje har fått faste støttepartnarar. Det kostar 446 NOK å dekka eit skuleår for ein unge. Dette inkludere skuleuniform, paraply, ryggsekk, skrivesaker og skulepengar for å gå på den offentlege skulen. Ønsket er at nokre vil ”adoptera” ein unge, støtte med skulepengar kvart år. Om du ønskjer å vera med på det, ta kontakt med ein av oss! YWAM Dagupan har òg bibelundervisning for studentar. Til dette arbeidet treng dei fleire biblar å gi ut. Ein Bibel kostar 47 NOK.

YWAM i Dagupan er i ein prosess med å kjøpa seg ein eigendom for å bygga ny base. Eigedomen er på 448 kvadratmeter. Kvar kvadratmeter kostar 466 NOK.

Ønskjer å vita meir om tenesta til YWAM i Dagupan kan du gå inn på bloggen til Wabe fam: http://www.wabe-family-ministries.blogspot.com/

Me har oppretta ein eigen konto til arbeidet i Filippinane. Kontonummeret er: 3520 61 21627

NB: Skriv i meldinga på overføringa kva du ønskjer at pengane skal gå til. Viss du ikkje gjer det vert pengane brukt der behovet er størst. Pengane går direkte til arbeidet! Me betalar overføringa.

Her er nokre bilder frå då Liv Bodil var i Filippinane, Dagupan, for to år sidan ilag med foreldra hennar og Gro & Kåre Henning Isdal.

Pakking av ris og kylling.

Torgny delar ut mat til ungane i slummen.


Ungar frå slummen som fekk seg skuleuniformar.


torsdag 25. juni 2009

Heisan! Kjekt at du kikkar innom den fantastisk flotte bloggen vår. Me er to framifrå kjekke jenter som snart skal ut i den store verda. Me skal ein tur til Fillipinane, og me gler oss som to små skjetunga:) Ingrid er nett ferdig utdanna lærar, og skal derfor vera pedagogisk ansvarleg på turen. Liv Bodil derimot, er nett ferdig med fyrste året som flittig sosionomstudent. Ho skal derfor ha eit ekstra ansvar for det sosiale miljøet på turen. No er da berre 13 dagar til me er i lufto på go vei til Asia. Håpar du heng med vidare òg!

søndag 14. juni 2009