søndag 18. oktober 2009

Siste nytt frå Dagupan, Filippinane

De har sikkert sett på nyhendene dei siste vekene at vèret ikkje har vore særleg bra i Asia. Filippinane og byen Dagupan, som me besøkte i sommar, har også blitt hardt ramma av dette uvèret. Fleire tyfonar har herja, noko som har forårsaka flaum. Dette har dessverre ramma hardast dei som bur i slummen. Vatnet har vore heilt opp til brystkassen på dei som bur der, og folket i slummen har mista fleire av eigendelane sine.



Heldigvis fekk 300 menneska frå slummen lov til å bu nokre dagar i gymsalen på Universitetet i byen. Sjølv om det berre var tribunane som var tørre her, var dette eit langt betre alternativ enn å bu på gata.


Dei 20 skuleborna frå slummen som me besøkte i sommar, har dessverre også mista skulematerialet sitt som me kjøpte til dei. Meldingane frå misjonærane i Ungdom i Oppdrag Dagupan kan heldigvis fortelja oss at borna har det etter forholda bra. No er det viktig at dei kjem seg raskt tilbake på skulen. Til det treng dei nytt utstyr.

Dei som arbeider i Ungdom i Oppdrag har fått ein god avtale med ein butikk som sel skulemateriale. Kjøper dei skulemateriale i løpet av denne veka, får dei 20% rabatt på alle varene. Me vil vera med å hjelpa til med dette, i same sleng ynskjer me spørja deg om du vil bli med å støtta desse borna.

Ynskjer du å vera med på dette, kostar det 115 NOK for ein unge. Du kan setja pengar inn på kontonr. 3520.61.21627. Fristen er innan onsdag, 21. oktober.



Tidlegare har me også fortalt at det er mogeleg å ”adoptera” ein av desse skuleborna med ein årleg sum på 460 NOK. Det er framleis mogeleg. Er du interessert i å bli med på det, er det berre å ta kontakt med ein av oss, så får du tilsendt bilete og informasjon om ditt fadderbarn. Du kan også gå inn på denne internettsida http://ywam-gideons-sponsorship.blogspot.com/feeds/posts/default og sjå bilete av dei 20 skuleborna. Dersom du vil støtta ein av desse borna, kan du velja deg ut ein eller fleire av desse borna.

lørdag 3. oktober 2009

Halloen!

No er det ei stund sidan me var i Filippinane, men me tenkjer fortsatt ofte på det me fekk vera med på der. Noko av det som gjorde mest inntrykk på turen, var å møta skuleungar frå slummen som me fekk dela ut skuleuniformar til og sponsa eit år med skulegong. Takk til dåke alle som var med og gav pengar til dette!

Kvart år prøver Ungdom i Oppdrag i Dagupan å samla inn pengar til desse ungane slik at dei kan få gå på skule. Dersom du ynskjer å vera med å støtte dette prosjektet, kan du få lov til å "adoptere" ein unge slik at det kan bli meir stabilitet i arbeidet. Då kan ein ung fjerdeklassing vita at neste års skulegong blir ein realitet!

For å støtte skulegong og skuleuniform med tilbehør for ein elev, kostar det 460 kr i året (prisen kan endra seg litt dei komande åra) . Viss du ynskjer å "adoptera" ein skuleelev eller fleire, vil du få informasjon om personen (ane) det gjeld + bilete. Dersom du kunne tenkja deg å vera med på dette prosjektet, kan du ta kontakt med Ingrid eller Liv Bodil.

For å bryta fattigdomsirkelen for dei som veks opp i slummen, er skulegong alfa og omega for å få seg ein bra jobb. Viss ikkje endar dei mest sannsynleg opp med å bu i slummen, sjølv når dei blir vaksne. Håpar du ynskjer å vera på dette, og på den måten sikra skulegongen for nokre av slumborna i Dagupan :-)


lørdag 1. august 2009

Hurlumhei- det dei kalla matrestar for ei heil veka paa Framnes (bildekaos).

Heisann alle saman! Ferien vaar paa Filippianen er blitt lenger enn forventa. Mykje regn har gjort at alle dei fire flyavgangane vaare fraa Busuanga til Manila er blitt kansellert. Difor har me no nokre ekstra dagar paa den vaate ferieoeya Palawan. Som de sikker ser, saa ete og drikke me paa Gjensidige sin rekning. Liv Bodil ete godt, og eg (Ingrid) er difor litt bekymra for om eg faar ho med meg heim igjen, eller om eg maa betala overvekt for jento.

Liv Bodil, med sin frimodigheit, er no ein viktig del av Cebu pacific airlines- teamet (flyselskapet vaaras ut hit). Sekretaer Heie hadde gjeve ho grundig innfoering i kva ho skulle spoerja om. Som de sikkert ser, har ho mange spyrjemaal og dei ansatte er tydeleg begynt aa kjeda seg av prate hennar. OBS! Merk daake karen i gult og svart. Han er kanskje ein mann de vil moeta paa Boemlo i framtida;)

Byen Coron, som me no bur i (paa oeya Busuanga). For dei av daake som no tenkjer "Stakkars jenter", vil me berre sei at det ligge meir by til hoegre for bilde.
Ein liknande baat frakta oss ut til Sangat Island.


Bambushytta vaar paa Sangat Island.

Foerestill deg kor fint det ville vore her med sol. Me droeymer framleis om det:)

Kjaere mamma Ersland og mamma Heie. Daake lurer jo alltid paa om me er aaleina ute i den store verda, difor gjorde me ein liten innsats for aa roa nervene daakas. Paa flyplassen i Manila fann amerikanske Ryan oss, og tok godt vare paa oss fram til Busuanga. Han er no dratt sin veg igjen, men han er med oss i tankane (hehe).

Her kommer Julius som alle vil se...

Her er den toerre rullebanen som me no ligg aa droeymer om. Me treng nemleg ein tilnaerma toerr rullebane for aa klara aa koma oss til Manila med fly. Me seier ikkje nei takk til boenn for rullebanen og veret (de kan godt inkludera oss ogsaa dersom de vil).

Vakre Anette paa strandpromenaden paa Sangat Island.

Velkomsdrinksen. Ikkje spel full Ingrid. Det er berre kokonoettmelk (sitat Liv Bodil)
Velkomsten me fekk paa Sangat Island, Palawan. Takk skal du ha!

Fire frimodige apekattar inntok bambushytta vaaras, og aat opp all chipsen. Her spring den eine for livet..

Eit av dei mange buffetmaaltida.



Etter fire vaate dagar paa Sangat Island, var me paa ei litt stoere oey (Busuanga). Fire gongar har me gjort eit forsoek paa aa ta flyet her i fraa til Manila, men utan hell. Vaeret har hindra oss, og difor bur me no i byen Coron. Markedet gjev oss den foeden me treng, men reine truser er det verre med.... :D Takk til mamma'n til Liv Bodil som har laert oss aa bruka underbuksene paa begge sidene naar det skortar paa reint undertoey. Det raadet kjem godt med no... knis!

Sidan me ikkje har faatt hoeve til aa bli brune, tenkte me at me ville koma fullkomen kvite heim igjen. Difor er me no begynt aa bruka saapa med "whitening". Sjekk resultatet!

lørdag 25. juli 2009

Halloen alle saman. Fint at du forsatt henge med paa bloggen vaar. Det er kjekt. Livet her i Filippinane er fortsatt fantastisk. Dei siste dagane har sola ogsaa vist seg, saa det er supert.

Tysdag blei endeleg sola vaerande paa himmelen heile dagen. Dette blei difor ein varm og god dag. Morgonen starta med at me besoekte YWAM-basen i Batangas, der me fekk helsa paa dei som jobbar paa basen. I tillegg var me ogsaa med paa lovsang-og boenesamling. Etterpaa gjekk turen tilbake til leiligheita vaaras. Her var det tid for aa rydda og vaska, fordi i dag venta me norsk besoek. Eldrid, Anette, Kristin og John Robert har vore ei stund i Manila, men var i dag klar for ein tur vekk fraa livet i storbyen. Dei ankom Batangas paa ettermiddagen, og resten av dagen gjekk med til sightseeing i byen og ein tur til stranda. Veldig koseleg med besoek!!!

Onsdag vakna me atter til sol og sommar. Det var deilig, sidan planen var aa dra til stranda denne dagen. Rudy og Rose (paret som me fekk laana leiligheit hos) hadde tilbydt seg aa koyra oss rundt i byen, og daa me fekk koma med innspel om litt standliv var dei ikkje seine aa be. Jayson, Jenniffer og JR var ogsaa med, og me hadde ein veldig kjekk dag paa Anila Outrigger resort (ca. 20 min. fraa Batangas sentrum). Her var det god tid til baade soling, bading og snorkling. Ein liten runde i kajakk blei det ogsaa. Midt paa dagen fekk me ein fantastisk god lunch. Dette blei ein fin avslutning paa dagane i Batangas. Paa kvelden tok me bussen til Manila.

Torsdag var me klar for livet i storbyen Manila. Me visste at byen var stor, men ved naermare ettersyn innsaag me at den var VELDIG stor. Etter ein halv time togtur var me paa langt naer komt oss gjennom byen. Litt utpaa dagen moette me Eldrid, Anette, Kristin og John Roger paa SM (eit stort kjoepesenter). Alle saag ut til aa ha ein brukbar god shopping kondis, men det var jammen meg me som holdt lengst ut:D (Dei andre hadde allereie hatt fleire dagar med shopping, men for oss var det foerste shoppingdag).

Fredag hadde me avtale om aa moeta Dulce (ei Filippinsk venninna av LivBodil. Dei moette kvarandre i Dagupan, sist gong Liv Bodil var her). Me motte ho tidleg paa ettermiddagen, og aat lunch saman. Deretter reiste me paa besoek til Randy. Han er ein smilande og livleg kar paa 22 aar. Han vaks opp paa "Smokey mountain" i Manila, men har no flytta inn i ei lita leiligheit like i naerheiten av dette omraadet. Ogsaa han kjende Liv Bodil fraa sist gong ho vitja Dagupan, daa han var ein del av staben paa YWAM- basen der. Liv Bodil synst det var kjekt aa sjaa "bror" sin igjen og Ingrid synst han var ein goeyal fyr.

I dag har ogsaa vore ein innhaldsrik dag, fraa tidleg til seint. Klokka halv9 kom Dulce aa henta oss paa hotellet, for i dag skulle me besoeka eit lokalt marked. Her var det stor aktivitet, mykje folk og mykje kjekt aa sjaa. Det var fullt liv i gatene, og det blei ikkje akkurat mindre liv av at to lyshuda jenter passerte handlebodane (hehe). Vel tilbake paa hotellet var det tid for aa pynta seg opp, for no var det snart tid for aa gaa i bryllup til Soelvi og Exeguiel (Ike). Taxisjofoeren matte ta eit par ekstra u-sinvgar for aa finna fram til Bluegarden der bryllupet skulle vera, men me kom heldigvis fram i tide. Mange fraa Noreg hadde ogsaa teke vegen til Asia for aa faa med seg bryllaupet. Det straalte lykke og glede av brudeparet, og dei var utruleg flotte begge to:) Det var eit fantastisk bryllaup med ein miks av filippinske og norske tradisjonar.

No skal me faa oss nokre faa timar soevn, foer vegen gaar vidare ut i verdan tidleg i morgon. Daa skal me ta fly til Palawan, der me skal vera dei neste fire dagane. Kvite strender og sol ventar paa oss, og det gler me oss veldig til. Heng med, heng med:)

Gjengen paa YMAM- basen i Batangas.

To av arbeidarane paa YWAM- basen.
Kristin og John Robert paa sightseeing i Batangas.
Snorkling og bading var kjekt.
Saa var det tid for god lunch....
Liv Bodil, Dulce og Randy.
Dulce, Liv Bodil og Ingrid paa besoek hos Randy.
Ei blokk som liknar paa leiligheita der Randy og familien bur
"Paraplyvakta" og Ingrid.
Liv Bodil ilag med forlovarane til Soelvi, Anette og Eldrid.
Det fantastiske brudeparet; Ike og Soelvi.
Brudeparet paa vei inn i selskapslokalet.
Brudeparet hadde eit eiget bord paa "scenen" pynta med flotte blomar.
Daa dei dansa brudevalsen festa gjestene pengar paa kleda deira (Filippinsk tradisjon).
Aa, so skjoenne dei er!!!!!!!!!

mandag 20. juli 2009

Still enjoying our time in the Philippines

No er det jammen meg ei stund sidan sist me har blogga. Haapar du fortsatt heng med. Dagane har vore fullpakka med program fraa tidleg til seint, saa no fann me endeleg litt ledig tid til aa skriva nokre ord:)

Onsdag var nesten lik som tysdagens program, men denne dagen var me i Pantalslummen og delte ut ris og kylling. Denne slummen er stoerre enn slummen me var i paa tysdag (slummen), og det var difor stoerre plass til aa leika med borna. Sjoelv om Ingrid er laerar, var det Liv Bodil som stod for norsk undervisninga denne dagen. Borna laerte aa sei "Hei", "Hade" og "Jesus elsker deg". Me laerte dei ogsaa nokre noerske songar, foer Ingrid hadde andakt. Daa maten kom, var det stor trengsel rundt matbilen. Sjoelv om borna hadde faatt ein lapp med nummer til sin matboks, var det mange smaa luringar som hadde laga sin eigen lapp. Dette gjekk dessverre utover nokre av dei som faktisk hadde faatt matlapp.

Torsdag besoekte me eit universitetet i Dagupan. Dei fraa basen framfoerde ulike dansar og delte vitnesbyrd. Me delte ogsaa vaare vitnesbyrd. I tillegg hadde me eit dramastykke. Etterpaa besoekte me Demie (Gina og Manny si datter) sin skule. Ho viste oss baade klasseromma og laerarane, som vart overlukkelege eigarar av eit norsk flagg. I eit av klasseromma var det forresten ei jente som hylskreik daa ho saag oss. Me var litt usikkre paa om det var kvitfargen ho beundra, eller om ho trudde ho saag eit spoekelse:D

Fredags morgon vakna me av at det styrt regna. Dette var jo "tossje", sio me faktisk hadde planlagt aa reisa til "Dei 100 oeyane" og bada. Me skulle reisa med folka paa basen. Dei skulle ringa oss paa morgonen, men sidan me ikkje hoeyrde noko tenkte me at det ikkje blei noko av turen. Heldigvis hadde me pakka, for plutseleg stod gjengen utanfor hotelldoera vaar. Dei var klar for tur, og meinte at veret kanskje ville snu. Me sette oss difor i bilen og koeyrde av gaarde. Etter 2 timar var me framme ved kaien. Paa grunn av tyfonen (mykje regn og vind) var det te nesten ingen av dei andre kan noko anna enn "hundesvoemming". I staden blei det litt souvenirhandling, etterfylgd av lunch i bilen. Me koeyrde saa tilbake til Dagupan, og bestemte oss for aa ha ein kjekk dag i lag tross det stygge vaeret. Heile gjenge blei difor med oss aa bada i bassenget paa Leisure coast hotel. Sjoelv om det regna heile tida og det var iskalt paa land, hadde me det veldig kjekt i bassenget. Etter ein varm og god dusj, reiste me til "CSI" (kjoepesenter). Her aat me paa McDonald's og bowla i lag. Vaar kjaere ven Dondreb hadde aldri bowla foer, men gjekk nesten av med sigeren. Berre Liv Bodil var betre. Ho tok faktisk rotta paa oss alle...

Loerdag var me glad det framleis regna, slik at me kunne skjula farvell-taarene vaare i regnet. I dag var det nemleg tid for aa reisa vidare til Batangas, for aa besoeka Jenniffer og familien hennar. Etter 9 timar med buss, gjennom regn, vind og soele, var me endeleg framme. Her blei me teken godt i mot, og gjekk troette og gode til sengs i vaar eiga leiligheit (som me faar laana av ein i meningheita deira).

Soendag var det tidleg opp for aa naa gudstenesta. Ogsaa her var det mykje oppmerksomheit og faa. Mange kom aa helste paa oss, og dei var glade for at me vitja deira kyrkje. Me var med i barneopplegget. Ingrid toedde atter ein gong til med andakt, medan Liv Bodil tok jobben som norsk laerar. Etter gudstenesta blei me invitert med ut paa lunch med leigetakaren vaar og pastoren. Konene deira var ikkje med, sidan dei var heime og foerebudde kvelden. Daa var me nemleg invitert i 33 aars bryllupsdag til R ose og Rudy (leigetakarparet). Mange fraa menigheita var ivitert, og me foelte verkeleg at me var i eit fint lag.

I dag har har me hatt litt av ein dag. Fyrst kjoeyrde me eit par timar til me var framme i Tagaytay. Me hadde nokre stopp undervegs, der me m.a. saag eit fantasislott. Her blir mange Filippinske fantasi-filmar spelt inn. Etter lunch med utsikt over Taal-vulkan, gjekk turen vidare for aa undersoeka om det var liv i denne;) Me visste ikkje heilt kva me begav oss ut paa, daa me sa ja til baattur og 30 minuttar paa hesteryggen for aa naa vulkanen. Det blei likevel ein artig tur. Daa me kom ut til oeya, og skulle faa utlevert kvar vaar hest skapte det litt problem daa dei saag Liv Bodil. Me skjoente fort at dei snakte seg i mellom for aa proeva aa finna ein stoerre hest. Og uheldigvis for Liv Bodil fann dei ein litt for stor og sprek hest. Me hadde det likevel veldig kjekt. Liv Bodil var evig takknemleg for at ho er utrusta med ei solid bakdel, medan Ingrid er baade gul og blaa i baken etter 1 time paa hest:D

Som de sikker ser har me det veldig kjekt paa tur. I morgon faar me besoek av Eldrid, Anette, Kristin og mannen. Det gler me oss veldig til.

People on the YWAM-base in Dagupan: We miss you guys:) Love'ya all!





tirsdag 14. juli 2009

Magandang Hapon (god foeremiddag)

Her i Filippinane er livet fortsatt bra. Sola skin og temperaturen er ikkje til aa klaga paa. Fleire av dei ansatte er ogsaa i full sving med aa laera namna vaare. Mission completed;)

Maandag var me i Arellano slummen. Der moette me unge moedre fraa 18- 27 aar. Oppmoete var litt redusert pga. kraftig regnver like foer me kom. Moete med moedrene starta med ein namneleik, der alle skulle sei namn, ynglingsfrukt og alder. Sidan Ingrid er laerar og boer vera god paa aa hugsa namn, fekk ho aera av aa repetera absolutt alle namna, fruktene og aldrane. Ho besto testen, men det blei ikkje toppkarakter... Moedrene her har vore kristene i ca eit aar. Dei har faat grunnleggjande Bibelundervisning av Gina det siste aaret. Maandag var det Liv Bodil sin tur til aa sei litt om kva det vil sei aa veksa med Gud. Moedrene var lyttande, trass hoeglytte barneskrik innmellom. Etterpaa delte me ut mat til borna til moedrene.

Tysdag var me tilbake i Arellano slummen, no for aa dela ut mat til barna og ha andakt for dei. Ein svaer gjeng med gjeng med hoeglytte og ivrige ungar moette oss. Moett av dette synet takka Liv Bodil Gud for at hennar oppgaave berre var aa leika med ungane og ikkje ha andakt for dei;) Denne oppgaava var det heller pedagog Ingrid som moette ta seg av. Det var ikkje den same roen som heime i soendagssskulerekkjene, men dei fylgde ivrig med (til tider kanskje litt for ivrig). Etterpaa var det klart for utdeling av mat. Dagen foer hadde borna vore aa registrert seg i matboka. Denne dagen fekk dei dermed kvar sin matpakke, merka med sitt namn, som inneholdt ris, kylling og noko soett aa bita i. Daa me gjekk var det fleire som fylgde oss ut av slummen, og dei ynskte oss velkomen igjen til neste aar. Saa daa er ferieplanen til neste aar klare;) Nokon som blir med?? :D

Me trivest forresten veldig godt saman med dei me jobbar saman med paa YWAM-basen. I gaar kveld inviterte me dei med oss paa kino, der me saag "Transformer2". Det stemmer nok at dette ikkje er rette filmen for oss, men den falt i god jord hos vaare Filippinske vener. For to aar sidan, daa Liv Bodil var her, saag dei "Transformer1". Det er stort for dei aa oppleva eit kinobesoek, daa dette berre skjer max ein gong i aaret. Me synest jo det er litt trist at me snart skal forlata denne kjekke gjengen, saa me skulle gjerne hatt eit par veker til her.

PS: Her i Filippinane foeler Liv Bodil seg som ein stake, medan Ingrid er veldig noegd med hoegda si. Ho har difor mange veldig skjoenne gutar aa velga mellom, saa kjaere mamma og pappa Heie; det er ikkje sikkert eg kjem aaleina heim. Her er det berre til aa starta paa Tagalog-kurs (det Filip.spraaket) :D

PS2: Me synest det var litt lite kommentarar paa det forrige innlegget, saa her er det berre til aa slaa seg laus folkens. Kommentarar mottas med takk, baade paa gamle og nye innlegg:)


Nokre av moedrene og borna deira.
Pakking av ris og kylling.
Utdeling av mat i Arellano slummen. Liv Bodil og hennar gode hjelparar.

søndag 12. juli 2009

Jippi, no e me endeleg i Filippinane!!!!!

Etter 33 timar med bil, fly og masse venting, var me endeleg framme i Manila (9. juli). Flyturen gjekk fint, sjoel om Ingrid verkeleg var i tvil om det gjekk an aa sova sitjande. Liv Bodil derimot, sovna leeeeeeeeeeenge foer take off... Etter at Ingrid fyrst fann soveteknikken, hadde ho nesten problem med aa vakna igjen. Midt i vaare soetaste draumar i flyet paa veg til Hong Kong, kom flyvertinna med tilbod om is og nudlar til oss. Sjoelv om me var i svimo begge to, kunne me jo ikkje takka nei til mat.

Ingrid sitt fyrste moete med Filippinane vart baade kaldt og varmt; For det fyrste er Filippinarane kjempestolte dersom dei er eigar av aircondition. For sikkerhets skuld stiller dei denne inn automatisk paa full styrke, og dermed gaar det ikkje an aa regulera temperaturen i bussen. For det andre er Ingrid sjokkskadd over dei mange stygge forbikoeyringane her i landet. For det tredje er Ingrid endeleg komen til eit land der folk diggar hudfargen hennar. Kvit er visst inn. Me gjer elles begge vaart beste for at dei ansatte her paa hotellet skal laera namna vaare, daa det hittil berre gaar i "Yes, mam". Som dei to boendene me er, foeler me dette ikkje blir riktig betegnelse paa oss.. :D

Liv Bodil er ei jente som likar fart og spenning. Ho har endeleg funne sitt kall her i livet. Det har seg nemleg slik at dersom bussen nesten stoppar paa grunn av stor trafikk, hoppar gjerne ein eller fleire selgarar inn. Naar dei har seldt sine varer (eller i alle fall proevd), hoppar dei ut igjen- gjerne i fart. Dette er ein form for risikosport som tiltrekker LivBodil veldig;)

Laurdag var me i lag med familien Wabe og gjengen paa YWAM-basen. Saman tok me med oss ungdommar fraa Pantal slummen og Arellano slummen til ei strand her i Dagupan, der fekk dei seg eit maeltid mat. Etterpaa hadde dei paa basen lovsang, me hadde drama, medan Liv Bodil hadde andakt. I tillegg hadde me mange leikar i lag, og ungdommane viste stort engasjement. Liv Bodil syntest det var veldig stas aa moeta nokon av ungdommane som ho moette for to aar sidan. Deira fyrste reaksjon var "ate Liv", saa det var heilt klart at dei kjende ho att (ate=eldre soester). Dagen vart avslutta med karaokesynging i ei lita straahytte paa stranda. Karaokemaskiner er veldig vanleg baade offentleg og privat. Filippinarane elskar aa synga.

Soendag er ikkje paa nokon maate den rette dagen aa sova frampaa i Filippinane, om du er kristen (haha). Her startar dei tidleg med gudsteneste, men sidan sjaafoeren vaar har klokka som er innstilt paa "Filippinartime", kom me til eit litt meir bahageleg tidspunkt (9.30). Me va i Victory church, der heile gudstenesta gjekk foere seg paa engelsk. Etter gudstenesta, gjekk me + Demie (dottera til Gina og Manny Wabe) til resoreten vaar og bada i bassenga. Skliene var klart det kjekkaste, og Liv Bodil skreik som ein stukken gris; hoeyrte de det i Noreg??? Paa ettermiddagen gjekk vegen til basen, der me moette 22 smilande skuleborn i alderen 6- 12 aar. Dei var forventningsfulle fordi dei skulle faa skuleuniform m/tilbehoer. Dette betyr at dei skal faa gaa i alle fall eit aar til paa skule. Mange kjende og kjaere heima har vore med aa sponsa skulegongen for desse borna. Nesten alle dei 22 elevane er blitt sponsa av norske gjevarar, og det er me kjempe glade for. Dei stolte uttrykka viste at dei ogsaa var kjempeglade for dette. Salamat po (tusen takk). To av gutane sa dei ville bli lege og ingenioer, medan ei av jentene sa ho ville bli sjukepleiar. Dette er store draumar for born fraa slummen, men mogeleg dersom dei faar oekonimisk stoette til vidare skulegong. Ynskjer du aa "adoptera" ein av desse skuleungane med ein aarleg sum paa 460 NOK, kan du vera med aa gjera draumen deira til ein verkelegheit. Ta kontakt om du er interessert!

Me har det flott her i Filippinane. Timeplanen framover ser veldig spennande ut, saa me gler oss til fortsettelsen. Heng med, heng med :-)

Ankomst Manila. Fyrste gong Liv Bodil blir henta med eige skilt.

Nokre av ungdommane fraa Pantal og Arellano slummen, her saman med ate Liv og ate Gigie.

Tre smilande og soete jenter. Kven er mest "in" (altsaa kvitast...)?

Stolte skuleelevar. Ingrid og Liv Bodil er glade for aa kunne overrekka skuleuniform m.m.