søndag 18. oktober 2009

Siste nytt frå Dagupan, Filippinane

De har sikkert sett på nyhendene dei siste vekene at vèret ikkje har vore særleg bra i Asia. Filippinane og byen Dagupan, som me besøkte i sommar, har også blitt hardt ramma av dette uvèret. Fleire tyfonar har herja, noko som har forårsaka flaum. Dette har dessverre ramma hardast dei som bur i slummen. Vatnet har vore heilt opp til brystkassen på dei som bur der, og folket i slummen har mista fleire av eigendelane sine.



Heldigvis fekk 300 menneska frå slummen lov til å bu nokre dagar i gymsalen på Universitetet i byen. Sjølv om det berre var tribunane som var tørre her, var dette eit langt betre alternativ enn å bu på gata.


Dei 20 skuleborna frå slummen som me besøkte i sommar, har dessverre også mista skulematerialet sitt som me kjøpte til dei. Meldingane frå misjonærane i Ungdom i Oppdrag Dagupan kan heldigvis fortelja oss at borna har det etter forholda bra. No er det viktig at dei kjem seg raskt tilbake på skulen. Til det treng dei nytt utstyr.

Dei som arbeider i Ungdom i Oppdrag har fått ein god avtale med ein butikk som sel skulemateriale. Kjøper dei skulemateriale i løpet av denne veka, får dei 20% rabatt på alle varene. Me vil vera med å hjelpa til med dette, i same sleng ynskjer me spørja deg om du vil bli med å støtta desse borna.

Ynskjer du å vera med på dette, kostar det 115 NOK for ein unge. Du kan setja pengar inn på kontonr. 3520.61.21627. Fristen er innan onsdag, 21. oktober.



Tidlegare har me også fortalt at det er mogeleg å ”adoptera” ein av desse skuleborna med ein årleg sum på 460 NOK. Det er framleis mogeleg. Er du interessert i å bli med på det, er det berre å ta kontakt med ein av oss, så får du tilsendt bilete og informasjon om ditt fadderbarn. Du kan også gå inn på denne internettsida http://ywam-gideons-sponsorship.blogspot.com/feeds/posts/default og sjå bilete av dei 20 skuleborna. Dersom du vil støtta ein av desse borna, kan du velja deg ut ein eller fleire av desse borna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar