lørdag 3. oktober 2009

Halloen!

No er det ei stund sidan me var i Filippinane, men me tenkjer fortsatt ofte på det me fekk vera med på der. Noko av det som gjorde mest inntrykk på turen, var å møta skuleungar frå slummen som me fekk dela ut skuleuniformar til og sponsa eit år med skulegong. Takk til dåke alle som var med og gav pengar til dette!

Kvart år prøver Ungdom i Oppdrag i Dagupan å samla inn pengar til desse ungane slik at dei kan få gå på skule. Dersom du ynskjer å vera med å støtte dette prosjektet, kan du få lov til å "adoptere" ein unge slik at det kan bli meir stabilitet i arbeidet. Då kan ein ung fjerdeklassing vita at neste års skulegong blir ein realitet!

For å støtte skulegong og skuleuniform med tilbehør for ein elev, kostar det 460 kr i året (prisen kan endra seg litt dei komande åra) . Viss du ynskjer å "adoptera" ein skuleelev eller fleire, vil du få informasjon om personen (ane) det gjeld + bilete. Dersom du kunne tenkja deg å vera med på dette prosjektet, kan du ta kontakt med Ingrid eller Liv Bodil.

For å bryta fattigdomsirkelen for dei som veks opp i slummen, er skulegong alfa og omega for å få seg ein bra jobb. Viss ikkje endar dei mest sannsynleg opp med å bu i slummen, sjølv når dei blir vaksne. Håpar du ynskjer å vera på dette, og på den måten sikra skulegongen for nokre av slumborna i Dagupan :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar