søndag 12. juli 2009

Jippi, no e me endeleg i Filippinane!!!!!

Etter 33 timar med bil, fly og masse venting, var me endeleg framme i Manila (9. juli). Flyturen gjekk fint, sjoel om Ingrid verkeleg var i tvil om det gjekk an aa sova sitjande. Liv Bodil derimot, sovna leeeeeeeeeeenge foer take off... Etter at Ingrid fyrst fann soveteknikken, hadde ho nesten problem med aa vakna igjen. Midt i vaare soetaste draumar i flyet paa veg til Hong Kong, kom flyvertinna med tilbod om is og nudlar til oss. Sjoelv om me var i svimo begge to, kunne me jo ikkje takka nei til mat.

Ingrid sitt fyrste moete med Filippinane vart baade kaldt og varmt; For det fyrste er Filippinarane kjempestolte dersom dei er eigar av aircondition. For sikkerhets skuld stiller dei denne inn automatisk paa full styrke, og dermed gaar det ikkje an aa regulera temperaturen i bussen. For det andre er Ingrid sjokkskadd over dei mange stygge forbikoeyringane her i landet. For det tredje er Ingrid endeleg komen til eit land der folk diggar hudfargen hennar. Kvit er visst inn. Me gjer elles begge vaart beste for at dei ansatte her paa hotellet skal laera namna vaare, daa det hittil berre gaar i "Yes, mam". Som dei to boendene me er, foeler me dette ikkje blir riktig betegnelse paa oss.. :D

Liv Bodil er ei jente som likar fart og spenning. Ho har endeleg funne sitt kall her i livet. Det har seg nemleg slik at dersom bussen nesten stoppar paa grunn av stor trafikk, hoppar gjerne ein eller fleire selgarar inn. Naar dei har seldt sine varer (eller i alle fall proevd), hoppar dei ut igjen- gjerne i fart. Dette er ein form for risikosport som tiltrekker LivBodil veldig;)

Laurdag var me i lag med familien Wabe og gjengen paa YWAM-basen. Saman tok me med oss ungdommar fraa Pantal slummen og Arellano slummen til ei strand her i Dagupan, der fekk dei seg eit maeltid mat. Etterpaa hadde dei paa basen lovsang, me hadde drama, medan Liv Bodil hadde andakt. I tillegg hadde me mange leikar i lag, og ungdommane viste stort engasjement. Liv Bodil syntest det var veldig stas aa moeta nokon av ungdommane som ho moette for to aar sidan. Deira fyrste reaksjon var "ate Liv", saa det var heilt klart at dei kjende ho att (ate=eldre soester). Dagen vart avslutta med karaokesynging i ei lita straahytte paa stranda. Karaokemaskiner er veldig vanleg baade offentleg og privat. Filippinarane elskar aa synga.

Soendag er ikkje paa nokon maate den rette dagen aa sova frampaa i Filippinane, om du er kristen (haha). Her startar dei tidleg med gudsteneste, men sidan sjaafoeren vaar har klokka som er innstilt paa "Filippinartime", kom me til eit litt meir bahageleg tidspunkt (9.30). Me va i Victory church, der heile gudstenesta gjekk foere seg paa engelsk. Etter gudstenesta, gjekk me + Demie (dottera til Gina og Manny Wabe) til resoreten vaar og bada i bassenga. Skliene var klart det kjekkaste, og Liv Bodil skreik som ein stukken gris; hoeyrte de det i Noreg??? Paa ettermiddagen gjekk vegen til basen, der me moette 22 smilande skuleborn i alderen 6- 12 aar. Dei var forventningsfulle fordi dei skulle faa skuleuniform m/tilbehoer. Dette betyr at dei skal faa gaa i alle fall eit aar til paa skule. Mange kjende og kjaere heima har vore med aa sponsa skulegongen for desse borna. Nesten alle dei 22 elevane er blitt sponsa av norske gjevarar, og det er me kjempe glade for. Dei stolte uttrykka viste at dei ogsaa var kjempeglade for dette. Salamat po (tusen takk). To av gutane sa dei ville bli lege og ingenioer, medan ei av jentene sa ho ville bli sjukepleiar. Dette er store draumar for born fraa slummen, men mogeleg dersom dei faar oekonimisk stoette til vidare skulegong. Ynskjer du aa "adoptera" ein av desse skuleungane med ein aarleg sum paa 460 NOK, kan du vera med aa gjera draumen deira til ein verkelegheit. Ta kontakt om du er interessert!

Me har det flott her i Filippinane. Timeplanen framover ser veldig spennande ut, saa me gler oss til fortsettelsen. Heng med, heng med :-)

Ankomst Manila. Fyrste gong Liv Bodil blir henta med eige skilt.

Nokre av ungdommane fraa Pantal og Arellano slummen, her saman med ate Liv og ate Gigie.

Tre smilande og soete jenter. Kven er mest "in" (altsaa kvitast...)?

Stolte skuleelevar. Ingrid og Liv Bodil er glade for aa kunne overrekka skuleuniform m.m.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar