tirsdag 14. juli 2009

Magandang Hapon (god foeremiddag)

Her i Filippinane er livet fortsatt bra. Sola skin og temperaturen er ikkje til aa klaga paa. Fleire av dei ansatte er ogsaa i full sving med aa laera namna vaare. Mission completed;)

Maandag var me i Arellano slummen. Der moette me unge moedre fraa 18- 27 aar. Oppmoete var litt redusert pga. kraftig regnver like foer me kom. Moete med moedrene starta med ein namneleik, der alle skulle sei namn, ynglingsfrukt og alder. Sidan Ingrid er laerar og boer vera god paa aa hugsa namn, fekk ho aera av aa repetera absolutt alle namna, fruktene og aldrane. Ho besto testen, men det blei ikkje toppkarakter... Moedrene her har vore kristene i ca eit aar. Dei har faat grunnleggjande Bibelundervisning av Gina det siste aaret. Maandag var det Liv Bodil sin tur til aa sei litt om kva det vil sei aa veksa med Gud. Moedrene var lyttande, trass hoeglytte barneskrik innmellom. Etterpaa delte me ut mat til borna til moedrene.

Tysdag var me tilbake i Arellano slummen, no for aa dela ut mat til barna og ha andakt for dei. Ein svaer gjeng med gjeng med hoeglytte og ivrige ungar moette oss. Moett av dette synet takka Liv Bodil Gud for at hennar oppgaave berre var aa leika med ungane og ikkje ha andakt for dei;) Denne oppgaava var det heller pedagog Ingrid som moette ta seg av. Det var ikkje den same roen som heime i soendagssskulerekkjene, men dei fylgde ivrig med (til tider kanskje litt for ivrig). Etterpaa var det klart for utdeling av mat. Dagen foer hadde borna vore aa registrert seg i matboka. Denne dagen fekk dei dermed kvar sin matpakke, merka med sitt namn, som inneholdt ris, kylling og noko soett aa bita i. Daa me gjekk var det fleire som fylgde oss ut av slummen, og dei ynskte oss velkomen igjen til neste aar. Saa daa er ferieplanen til neste aar klare;) Nokon som blir med?? :D

Me trivest forresten veldig godt saman med dei me jobbar saman med paa YWAM-basen. I gaar kveld inviterte me dei med oss paa kino, der me saag "Transformer2". Det stemmer nok at dette ikkje er rette filmen for oss, men den falt i god jord hos vaare Filippinske vener. For to aar sidan, daa Liv Bodil var her, saag dei "Transformer1". Det er stort for dei aa oppleva eit kinobesoek, daa dette berre skjer max ein gong i aaret. Me synest jo det er litt trist at me snart skal forlata denne kjekke gjengen, saa me skulle gjerne hatt eit par veker til her.

PS: Her i Filippinane foeler Liv Bodil seg som ein stake, medan Ingrid er veldig noegd med hoegda si. Ho har difor mange veldig skjoenne gutar aa velga mellom, saa kjaere mamma og pappa Heie; det er ikkje sikkert eg kjem aaleina heim. Her er det berre til aa starta paa Tagalog-kurs (det Filip.spraaket) :D

PS2: Me synest det var litt lite kommentarar paa det forrige innlegget, saa her er det berre til aa slaa seg laus folkens. Kommentarar mottas med takk, baade paa gamle og nye innlegg:)


Nokre av moedrene og borna deira.
Pakking av ris og kylling.
Utdeling av mat i Arellano slummen. Liv Bodil og hennar gode hjelparar.

5 kommentarer:

  1. Flott blogg. Vil berre informera om at eg baserer eit sommerintervju med Ingrid på det som står her. Håper det går greitt. Vet at du reddar sommersida denne veka Ingrid:)

    SvarSlett
  2. Hei igjen! Då prøver eg å legge inn kommentar på nytt... La inn på sist innlegg òg, men ser at den ikkje er komt med! Eller blei den sensurert?? :) Så kjekt det høres ut å treffe desse mødrene og ungane. Skulle gjerne vert med! I mens får eg nøya meg med Knappskogungar og deiras mødre:)

    Ha det kjekt vidare! Og Ingrid: Du huske avtalen vår: Finne du ein mann der nede, så ikkje flytt, men heller ta han med til Norge:)

    SvarSlett
  3. Heisann;) Høyres ut så dåkke har det flott på Fillipinene, og driv med mykje bra arbeid!;) Håpar dåkke får ein fine tur vidare, å kansje finne du ein kjekke mann Ingrid, men for all del ta han me deg heim å ikkje bli igjen på Fillipinene:p

    SvarSlett
  4. ser misjonærsmilet er på plass! HERLIG!!!

    SvarSlett
  5. Hei! Godt å høyre at turen går fint så langt, ønskjer dykk ein fortsatt kjempefin tur med mange flotte opplevingar framover!

    SvarSlett