lørdag 25. juli 2009

Halloen alle saman. Fint at du forsatt henge med paa bloggen vaar. Det er kjekt. Livet her i Filippinane er fortsatt fantastisk. Dei siste dagane har sola ogsaa vist seg, saa det er supert.

Tysdag blei endeleg sola vaerande paa himmelen heile dagen. Dette blei difor ein varm og god dag. Morgonen starta med at me besoekte YWAM-basen i Batangas, der me fekk helsa paa dei som jobbar paa basen. I tillegg var me ogsaa med paa lovsang-og boenesamling. Etterpaa gjekk turen tilbake til leiligheita vaaras. Her var det tid for aa rydda og vaska, fordi i dag venta me norsk besoek. Eldrid, Anette, Kristin og John Robert har vore ei stund i Manila, men var i dag klar for ein tur vekk fraa livet i storbyen. Dei ankom Batangas paa ettermiddagen, og resten av dagen gjekk med til sightseeing i byen og ein tur til stranda. Veldig koseleg med besoek!!!

Onsdag vakna me atter til sol og sommar. Det var deilig, sidan planen var aa dra til stranda denne dagen. Rudy og Rose (paret som me fekk laana leiligheit hos) hadde tilbydt seg aa koyra oss rundt i byen, og daa me fekk koma med innspel om litt standliv var dei ikkje seine aa be. Jayson, Jenniffer og JR var ogsaa med, og me hadde ein veldig kjekk dag paa Anila Outrigger resort (ca. 20 min. fraa Batangas sentrum). Her var det god tid til baade soling, bading og snorkling. Ein liten runde i kajakk blei det ogsaa. Midt paa dagen fekk me ein fantastisk god lunch. Dette blei ein fin avslutning paa dagane i Batangas. Paa kvelden tok me bussen til Manila.

Torsdag var me klar for livet i storbyen Manila. Me visste at byen var stor, men ved naermare ettersyn innsaag me at den var VELDIG stor. Etter ein halv time togtur var me paa langt naer komt oss gjennom byen. Litt utpaa dagen moette me Eldrid, Anette, Kristin og John Roger paa SM (eit stort kjoepesenter). Alle saag ut til aa ha ein brukbar god shopping kondis, men det var jammen meg me som holdt lengst ut:D (Dei andre hadde allereie hatt fleire dagar med shopping, men for oss var det foerste shoppingdag).

Fredag hadde me avtale om aa moeta Dulce (ei Filippinsk venninna av LivBodil. Dei moette kvarandre i Dagupan, sist gong Liv Bodil var her). Me motte ho tidleg paa ettermiddagen, og aat lunch saman. Deretter reiste me paa besoek til Randy. Han er ein smilande og livleg kar paa 22 aar. Han vaks opp paa "Smokey mountain" i Manila, men har no flytta inn i ei lita leiligheit like i naerheiten av dette omraadet. Ogsaa han kjende Liv Bodil fraa sist gong ho vitja Dagupan, daa han var ein del av staben paa YWAM- basen der. Liv Bodil synst det var kjekt aa sjaa "bror" sin igjen og Ingrid synst han var ein goeyal fyr.

I dag har ogsaa vore ein innhaldsrik dag, fraa tidleg til seint. Klokka halv9 kom Dulce aa henta oss paa hotellet, for i dag skulle me besoeka eit lokalt marked. Her var det stor aktivitet, mykje folk og mykje kjekt aa sjaa. Det var fullt liv i gatene, og det blei ikkje akkurat mindre liv av at to lyshuda jenter passerte handlebodane (hehe). Vel tilbake paa hotellet var det tid for aa pynta seg opp, for no var det snart tid for aa gaa i bryllup til Soelvi og Exeguiel (Ike). Taxisjofoeren matte ta eit par ekstra u-sinvgar for aa finna fram til Bluegarden der bryllupet skulle vera, men me kom heldigvis fram i tide. Mange fraa Noreg hadde ogsaa teke vegen til Asia for aa faa med seg bryllaupet. Det straalte lykke og glede av brudeparet, og dei var utruleg flotte begge to:) Det var eit fantastisk bryllaup med ein miks av filippinske og norske tradisjonar.

No skal me faa oss nokre faa timar soevn, foer vegen gaar vidare ut i verdan tidleg i morgon. Daa skal me ta fly til Palawan, der me skal vera dei neste fire dagane. Kvite strender og sol ventar paa oss, og det gler me oss veldig til. Heng med, heng med:)

Gjengen paa YMAM- basen i Batangas.

To av arbeidarane paa YWAM- basen.
Kristin og John Robert paa sightseeing i Batangas.
Snorkling og bading var kjekt.
Saa var det tid for god lunch....
Liv Bodil, Dulce og Randy.
Dulce, Liv Bodil og Ingrid paa besoek hos Randy.
Ei blokk som liknar paa leiligheita der Randy og familien bur
"Paraplyvakta" og Ingrid.
Liv Bodil ilag med forlovarane til Soelvi, Anette og Eldrid.
Det fantastiske brudeparet; Ike og Soelvi.
Brudeparet paa vei inn i selskapslokalet.
Brudeparet hadde eit eiget bord paa "scenen" pynta med flotte blomar.
Daa dei dansa brudevalsen festa gjestene pengar paa kleda deira (Filippinsk tradisjon).
Aa, so skjoenne dei er!!!!!!!!!

1 kommentar:

  1. Hei:)

    Som dåkke kosa dåkke:) Det vatnet såg fantastiske ut å bada i, og sikkert ein opplevelse å få med seg et bryllup òg!

    God tur vidare, nyt kvite strender og sjø:)

    Vi reise på fredag, men håper på ein Tysnestur før ferien er omme:)

    SvarSlett