mandag 20. juli 2009

Still enjoying our time in the Philippines

No er det jammen meg ei stund sidan sist me har blogga. Haapar du fortsatt heng med. Dagane har vore fullpakka med program fraa tidleg til seint, saa no fann me endeleg litt ledig tid til aa skriva nokre ord:)

Onsdag var nesten lik som tysdagens program, men denne dagen var me i Pantalslummen og delte ut ris og kylling. Denne slummen er stoerre enn slummen me var i paa tysdag (slummen), og det var difor stoerre plass til aa leika med borna. Sjoelv om Ingrid er laerar, var det Liv Bodil som stod for norsk undervisninga denne dagen. Borna laerte aa sei "Hei", "Hade" og "Jesus elsker deg". Me laerte dei ogsaa nokre noerske songar, foer Ingrid hadde andakt. Daa maten kom, var det stor trengsel rundt matbilen. Sjoelv om borna hadde faatt ein lapp med nummer til sin matboks, var det mange smaa luringar som hadde laga sin eigen lapp. Dette gjekk dessverre utover nokre av dei som faktisk hadde faatt matlapp.

Torsdag besoekte me eit universitetet i Dagupan. Dei fraa basen framfoerde ulike dansar og delte vitnesbyrd. Me delte ogsaa vaare vitnesbyrd. I tillegg hadde me eit dramastykke. Etterpaa besoekte me Demie (Gina og Manny si datter) sin skule. Ho viste oss baade klasseromma og laerarane, som vart overlukkelege eigarar av eit norsk flagg. I eit av klasseromma var det forresten ei jente som hylskreik daa ho saag oss. Me var litt usikkre paa om det var kvitfargen ho beundra, eller om ho trudde ho saag eit spoekelse:D

Fredags morgon vakna me av at det styrt regna. Dette var jo "tossje", sio me faktisk hadde planlagt aa reisa til "Dei 100 oeyane" og bada. Me skulle reisa med folka paa basen. Dei skulle ringa oss paa morgonen, men sidan me ikkje hoeyrde noko tenkte me at det ikkje blei noko av turen. Heldigvis hadde me pakka, for plutseleg stod gjengen utanfor hotelldoera vaar. Dei var klar for tur, og meinte at veret kanskje ville snu. Me sette oss difor i bilen og koeyrde av gaarde. Etter 2 timar var me framme ved kaien. Paa grunn av tyfonen (mykje regn og vind) var det te nesten ingen av dei andre kan noko anna enn "hundesvoemming". I staden blei det litt souvenirhandling, etterfylgd av lunch i bilen. Me koeyrde saa tilbake til Dagupan, og bestemte oss for aa ha ein kjekk dag i lag tross det stygge vaeret. Heile gjenge blei difor med oss aa bada i bassenget paa Leisure coast hotel. Sjoelv om det regna heile tida og det var iskalt paa land, hadde me det veldig kjekt i bassenget. Etter ein varm og god dusj, reiste me til "CSI" (kjoepesenter). Her aat me paa McDonald's og bowla i lag. Vaar kjaere ven Dondreb hadde aldri bowla foer, men gjekk nesten av med sigeren. Berre Liv Bodil var betre. Ho tok faktisk rotta paa oss alle...

Loerdag var me glad det framleis regna, slik at me kunne skjula farvell-taarene vaare i regnet. I dag var det nemleg tid for aa reisa vidare til Batangas, for aa besoeka Jenniffer og familien hennar. Etter 9 timar med buss, gjennom regn, vind og soele, var me endeleg framme. Her blei me teken godt i mot, og gjekk troette og gode til sengs i vaar eiga leiligheit (som me faar laana av ein i meningheita deira).

Soendag var det tidleg opp for aa naa gudstenesta. Ogsaa her var det mykje oppmerksomheit og faa. Mange kom aa helste paa oss, og dei var glade for at me vitja deira kyrkje. Me var med i barneopplegget. Ingrid toedde atter ein gong til med andakt, medan Liv Bodil tok jobben som norsk laerar. Etter gudstenesta blei me invitert med ut paa lunch med leigetakaren vaar og pastoren. Konene deira var ikkje med, sidan dei var heime og foerebudde kvelden. Daa var me nemleg invitert i 33 aars bryllupsdag til R ose og Rudy (leigetakarparet). Mange fraa menigheita var ivitert, og me foelte verkeleg at me var i eit fint lag.

I dag har har me hatt litt av ein dag. Fyrst kjoeyrde me eit par timar til me var framme i Tagaytay. Me hadde nokre stopp undervegs, der me m.a. saag eit fantasislott. Her blir mange Filippinske fantasi-filmar spelt inn. Etter lunch med utsikt over Taal-vulkan, gjekk turen vidare for aa undersoeka om det var liv i denne;) Me visste ikkje heilt kva me begav oss ut paa, daa me sa ja til baattur og 30 minuttar paa hesteryggen for aa naa vulkanen. Det blei likevel ein artig tur. Daa me kom ut til oeya, og skulle faa utlevert kvar vaar hest skapte det litt problem daa dei saag Liv Bodil. Me skjoente fort at dei snakte seg i mellom for aa proeva aa finna ein stoerre hest. Og uheldigvis for Liv Bodil fann dei ein litt for stor og sprek hest. Me hadde det likevel veldig kjekt. Liv Bodil var evig takknemleg for at ho er utrusta med ei solid bakdel, medan Ingrid er baade gul og blaa i baken etter 1 time paa hest:D

Som de sikker ser har me det veldig kjekt paa tur. I morgon faar me besoek av Eldrid, Anette, Kristin og mannen. Det gler me oss veldig til.

People on the YWAM-base in Dagupan: We miss you guys:) Love'ya all!





1 kommentar:

  1. Åh, koselig å se Jen og familien! :) Håper dere koser dere der nede i filippinene!

    SvarSlett